Den heitaste møteplassen i Ulvik!
Laugarstovo er ein vedfyrt sauna i det gamle Prestanaustet ved Prestakaien i Ulvik.
Saunaen blir driven av entusiastar i Prestakaien Laugarlag.
Laugarlaget badar i fjorden året rundt. No kan alle bli med.
Prestakaien Laugarlag er ein heilårsbadeklubb som vart stifta 2020. Me har innreia
ein sauna inne i eit gamalt naust som tidlegare tilhøyrde prestegarden i Ulvik.
Prestakaien og stranda innanfor er eit bade- og rekreasjonsområde for alle i Ulvik, så
vel som turistar og andre besøkande.
Naustet har ei rik historie som me no vidarefører. Me er opptatt av den lokale
kulturarven, og ynskjer å bevara naustet sitt ytre skal, samtidig som me no opnar
eit velferdstilbod for alle. Plasseringa ved Prestakaien skapar eit unikt møtepunkt
ved fjorden, der fortid møter notid i eit fellesskap prega av avslapping og velvære



Kva skjer?

Laurdag 11. april kl 11-14
Dugnad i Laugarstovo og uteområde
Hardanger Badstovefestival, fredag 24. - søndag 26. april. Program finn du på hardangerbadstovefestival.no
Ekstralauging på festdagar
Laugarlaget fyrer alltid opp og du er velkomen på drop-in Jolafta, Nyttårsafta, påskeafta, 1.mai, 17.mai, m.m
Bading kvar søndag kl 11
Medlemmer og vener kan vere med på fellesbading kvar søndag kl 11. Denne dagen fyrer medlemene opp i Laugarstovo på dugnad.
Særs god pris
Medlemmer betaler kr 50 på søndagar. Vipps


Org.nr: 929 249 976
Tlf: 957 49 453 /
900 38 286
Badetemp sist me sjekka:
GOD
Sauna og hjemmeside i samarbeid med

