top of page
external-file_edited.png

Den heitaste møteplassen i Ulvik!



Laugarstovo er ein vedfyrt sauna i det gamle Prestanaustet ved Prestakaien i Ulvik.
Saunaen blir driven av entusiastar i Prestakaien Laugarlag.
Laugarlaget badar i fjorden året rundt. No kan alle bli med.

Prestakaien Laugarlag er ein heilårsbadeklubb som vart stifta 2020. Me har innreia

ein sauna inne i eit gamalt naust som tidlegare tilhøyrde prestegarden i Ulvik.

Prestakaien og stranda innanfor er eit bade- og rekreasjonsområde for alle i Ulvik, så

vel som turistar og andre besøkande.


Naustet har ei rik historie som me no vidarefører. Me er opptatt av den lokale

kulturarven, og ynskjer å bevara naustet sitt ytre skal, samtidig som me no opnar

eit velferdstilbod for alle. Plasseringa ved Prestakaien skapar eit unikt møtepunkt

ved fjorden, der fortid møter notid i eit fellesskap prega av avslapping og velvære

Illuminated Flower Bud
Best Friends
Brown Leaves
Bli medlem i Prestakaien Laugarlag
 

Kom inn i varmen for eit godt miljø og reduserte prisar.

Kva skjer?

17.mai lauging kl 09:00

Tradisjonen tru skal det laugast på nasjonaldagen. velkomen. me dyppar oss i fjorden og det vert fyrt i Laugarstovo. Kr 50,-  vipps 

Påskelauging 19.april kl 11

Tradisjonen tru feirar me høgtida med lauging. laurdag 19. april kl 11 dyppar me oss i fjorden. Det vert fyrt opp i Laugarstovo (saunaen) Kr 50,- 

Bading kvar søndag kl 11

Medlemmer og vener kan vere med på fellesbading kvar søndag kl 11. Denne dagen fyrer medlemene opp i Laugarstovo på rundgang. 


Særs god pris

Medlemmer betaler kr 50 på søndagar. Vipps 

Org.nr: 929 249 976

info@laugarstovo.no

Tlf:  902 01 588

Instagram

Badetemp sist me sjekka :P

°C

0

Sauna og hjemmeside i samarbeid med

bottom of page